TeamRosablogg har i langt tid sett det som viktig å halde seg nøytrale i politiske spørsmål og har difor i våre retningslinjer ingen klare reglar på området. Men no viser det seg at “Demokratene i Norge” skal gå til valkamp på fashion statements og me synast at det er på tide å gje dei små partia litt kreditt for gode påfunn.

Demokratene har nytta høvet til å fremje saken om eit nasjonalt fashionpoliti. Dette er ganske likt Miljøpartiet de Grønne sitt ønskje om eit dyrepoliti.

Her kan dykk vyrde lesarar sjå Demokratene i Norge sitt bidrag i debatten.
Demokratane i Norge
Som alle gode internett debattar skapte facebook innlegget det tradisjonsrike menneskelege oppgulpet ein slik debatten bør innholde. TeamRosablogg følgde debatten og såg ein klar tendens til at tilhengarane og dei tillitsvalde i partiet sterkt støtta politikken. Det var også sterke tendensar til at den praktiske politikken vart utforma i kommentarfeltet. Lokallaget i Nord-Trøndelag, som tydelegvis tok på seg rolla å tale for heile partiet, kom med interessante utspill som til dømes:

  • Skaut skulle bli forbudt på alle norske bunader. Særleg interesant når nesten alle norske kvinnebunader med noko historisk forankring har skaut.
  • Husfliden sin regelbok for bruk av bunad skal likestillast med Norges Lover.

For eit parti som nytter demokrati (av greske δῆμος dēmos folk, og κρατία kratía styre) som navn er ei slik likestilling i god internasjonal ånd som til dømes Den demokratisk folkerepublikken Korea.
Problema me ser her reint praktisk og lovleg innan eit demokrati er at:
1. finns Husfliden sin regelbok for bunadsbruk?

2. er denne boka utforma i tråd med rettstatens reglar når det kjem til rettferd og eintydighet?

3. Oppererer Husfliden med noko straff eller sanksjonar utover kjøpsnekt for brot på lova?

Når me ser vekk frå desse detaljane vil me i Teamrosablogg faktisk støtte eit fashionpoliti. Våre faste lesarar vil sikkert bli noko overraska over standpunktet, men som særs kritiske følgjarar av fashiontrendane i Noreg ser me at det trengs eit statsorgan til handheving av reglar for skikk og bruk innan populasjonen. Me i TeamRosablogg meiner at det er på høg tid å utvide Bunadspolitiet sine arbeidsoppgåver til å også gjeld anna fashion, særleg når desse hardtarbeidande tenestemennene ikkje har særleg mykje å gjere i tidsrommet 18. mai til 24. april. Mykje god kunnskap og ressursar som her bør utnyttast heile året.
Iran har i dag eit politi som handhever fashion så det kan vere ein muleg veg for Demokratene i Norge å dra på studietur dit.

Me meiner at det nye fashion politiet som sikkert ikkje er opreativt etter valet skal ta seg av saker som dei me gjev døme på under.

Raja og Rotevatn leier.pngBilde henta frå VG-tv med Arbid Raja og Sveinung Rotevatn, begge frå Venstre.

Her ser ein eit klart døme på korleis vaksne menn ikkje skal oppføre seg. Arbid Raja(t.v) burde for lengst lært seg at vaksne menn i dress knepper igjen øverste knapp i jakka når ein spaserer offentleg. TeamRosablogg meiner her at eit FashionPoliti kunne statuert eit eksempel slik at menn av alle lag av befolkninga kan lære seg å klæ seg riktig. Straff kan gjerne utmåles i hardt tvangsarbeid eller fengselsstraff. Me gjer våre lesarar merksom på at om du hev ein freak dress med 3 knappar skal ein kneppe igjen midterste og om ein føler for det øverste.

Ellers burde eit fashionpoliti lagt seg hardt ut mot personar som nytter feil luefarge på fjellturar, jamfør DNT sitt lue regelement.

Fashionpolitiet burde også tatt seg tida til å bøtleggje personar som møter på skule og jobb med dårleg stelte sko, fargesprakande paraplyar, fuskepelsar. Det bør også samstundes strengt sjekkast at det ikkje nyttast lærbelte som ikkje matcher skoa når ein spaserer. Rotevatn og Raja ser ut til å halde seg innanfor her.

TeamRosablogg håpar at fleire oppgulp politi lager gode innlegg i debatten i tida fram mot valet slik at me kan kommentere dei.

One thought on “TeamRosablogg kommentere norsk valgkamp.

Comments are now closed.