TeamRosablogg oppstod som eit spøkefullt bloggprosjekt under min Italiaturné sumaren 2016. Turnéen var ledd i Norges Speiderforbund og Norges KFUK/KFUM speiderne sitt explorerbelt arrangement, ei av oppgåvene undervegs var å skrive ein blogg. Denne tidlege utgåva av bloggen vart publisert gjennom Facebook, desse bloggpostane er også lagt inn her, men då dette er gjort i ettertid er dei ikkje like fancy eller kule som dei opprinnelege innlegga.
Men kven er TeamRosablogg?
TeamRosablogg er ei broket forsamling av venner og bekjente som krinsar kring Gunnar, alle som vil og nokre som nok ikkje vil kan få større eller mindre opptredenar i TeamRosablogg. Det opprinnelege teamet var Hou Man og vesle Ti Mian (ein timian”plante”) som reiste med oss på turnéen. Etter ei lita stund fekk TeamRosablogg også eit fjerde medlem, Josefine. Det var oss som gjennomførte Italiaturnéen og mottok det forgjette Explorerbelt beltet då me ankom Pisa. I Pisa var domene http://www.teamrosablogg.no innkjøpt slik at bloggen skulle få leve vidare også etter sumaren 2016.