No er den ville og vakre tida av året tilbake og TeamRosablogg tek seg ein tur til fjells og deltek i villreinjakta. I år har me blitt invitert heim av vår eminente feltfotograf Anders Nesse i Lærdal. Sjølv om stygge sjukdommar som CWD herjer vilt der oppe bestemte TeamRosablogg redasksjonen seg for å ta sats og trosse livsfarene og dra allikavel.
Fleire av våre lesarar har stilt mange og kritiske spørsmål om korleis ein skal te seg i fjellheimen, me i TeamRosablogg har berre ein ting å seie der: Ein må gjere det med stil!!
Spørsmålet blir då kva klede skal ein shoppe før ein trekk til fjells? Her skal ein frykte intet for TeamRosablogg har svara og vil dele dei med dere.
For det første når ein er i høgfjella på reinsjakt så er dette blant det barskaste av det barskaste ein kan gjere, så må ein kle seg barskt.
Barske outfits inkluderer hatt, bukse, skjorte, lærstøvlar og belte. Ein kan også legge til undertøy, hanskar, shemagh, genser og lue.
Over kan ein sjå eit godt døme på eit barkst outfit. Hatten er laga av Jacaru, denne gjer at ein både har skydd mot regn og sol, dette er jo heilt supre features i det kulaste av alle klesplagg.
Ellers har eg på meg ein god ullgensar med glidlås frå Speider-Sport, noko meir behageleg rasteplagg skal ein lete lenge etter.
Buksa er frå Lundhags, denne har strech bak slik at ein får framheva bakenden når du skal gjere dine sexy moves, i tillegg gjer strechpartiar på kne at ein kan gjennomføre ei rekkje rørsler i denne. Ellers bruker eg alltid stoffbelte, for skinnbelte er jo ein barbarisk utnytting av søte dyr.
Skoa er svarte fjellstøvlar, viktig å ta med skokrem til desse for ellers kan ein lett sjå ut som ein og anna bryggesjauar.
Heile outfiten held seg til barkse fargar med svart, brun, mørk brun, mørk kahki og grå. Visse oransje detaljar på ullgensaren kan sprite opp eit ellers glimrande outfit.
Over kan ein sjå eit anna døme på outfit, her har eg på ei lys kakhi skjorte. Når ein tusler rundt i jaktfelt er det viktig å vise seg fram slik at folk ikkje tek feil av deg og ein elg.
Mange hjortejegarar tek gjerne å kler seg i oransje kamoflasje klede, dette er skikkeleg harry, så i den barskaste av dei barskaste jaktformane må ein ikkje framstå som ein vanleg hjortejegar og kle deg deretter. Eg foreslår bruk av lyse/kvite skjorter.
Ja, og så må ein ta med ei børse.
Her kan dere sjå vår feltfotgraf saman med ein rein han fekk tak i.