Då har JOTA/JOTI inne i det som blir omtala som natta og TeamRosablog har fått det heller ærerike oppdraget å ta nattskiftet. Nattskifta på ein JOTA stasjon er ein god blanding av catering, jaging av ungdom, ein og anna streifrunde. Eit anna problem ein møter på er contestgnomar. Contestgnomar er ein type radioamatørar som ikkje er interesert i det sosiale ved å være radioamatør, men heller sitter bortgjemt i kjellaren og prøver å få snakka med flest muleg. Ein bør ikje mate contestgnomar om ein ikkje har doktorgrad i gnomfysiologi.
Etter mang ein time med endelaus skriking, fekk me kontakt med Jan (DP9S)  frå Bayern og den nasjonale tyske JOTAstasjonen. Jan er ein av verdas kjernekarar som ein bør fostre fleire av, hjå han fekk 4 overtrøtte speidarar snakka med nokon som faktisk var intereserte.
dsc_0037
Her kan ein sjå ein av operatørane av LA1SSG sin JOTA stasjon, han er meir kjent som LA5VRA og i visse sære miljø som Hugo.
Bak kan du sjå ein slik Eple PC og nokre radiotingestar. LA5VRA har bedt TeamRosablogg om å offentleggjere nokre informasjon om radiosnakketingestane, den store svarte boksen er visst ein ICOM IC 7300. Ute har nokon hengt opp noko rare greier som heiter Vindom antenne, som etter ryktene fint tåler dei 100W som vart pumpa ut av den svarte boksen.