Då har 1. desember truffe TeamRosablogg som julekvelden på kjerringa. Og me i TeamRosablogg gjer oss klar for nedtelling mot det viktigaste av årets hendingar. I år har me blitt utfordra til å lage ein julekalender og det skal vi sjå oss føre å gjere med brask og bramur. Me vil i same slengen nytte høve til å gje eit og anna folkeopplysande aspekt i årets kalender.
Første luke av TeamRosablogg sin Hjulkalender tek for seg toghjul.

Toghjulet dere kan sjå her stammer frå eit italiensk svovelgruve museum i Italia, bilete er teken av vår redaktør Gunnar under TeamRosablogg sin famøse Italia-turné sumaren 2016.

DSC_0006[1].JPG

Grunnen til at me i TeamRosablogg vel å begynne vår hjulkalender med Jernbanehjul er at den 1 desember 1990 kopla den britiske og franske seksjonen av kanaltunnelen seg saman. Dette gjennombrotet sikrer det europeiske kontinent frå nokon gong å vere isolert pga dårleg vær i den engelske kanal. Slike tiltak til spreiing av sivilisasjonen burde aleine vere nok til ein internasjonal fridag, men så gildt er det ikkje enno

Den 1. desember har vore knytt til Poseidon i gresk mytologi. Poseidon som guden som er stormskaper og jordrystaren, er den som virkeleg har skapt hovudbry for grekarar som skal krysse den engelske kanal. Me i TeamRosablogg ser det derfor som naturleg at vi legg denne dagen til jernbanen då dei framskritt som vart gjort 1. desember 1990 har sikra milliardar av europearar frå traumatiske opplevingar som ein komplett isolasjon ville medført.

Advertisement