TeamRosablogg har vore litt på farten i det siste og har difor ikkje fått alle dei stundane til å blogge som dei kanskje burde. Men frykt intet, me tar oss godt ut også utanfor bloggverda. Dagens innlegg tek også ein snartur innom Fransk politikk og historie.
Første delen av reisa er som tidlegare nevnt vore til Landsleiren til NSF i Bodø. Ein av dei tinga me fekk gjort var å dra på haik. Haik er ein ganske kort turné der deltakarane skal klare seg utan eksternhjelp. Det finns ei rekkje unntak frå denne regelen og eit er viss du ser eit Sea King helikopter, då kan du be om skyss heimat om du treng det. TeamRosablogg fann ut at dei ikkje trong dette og bestemte seg for å la denne opsjonen liggje til ein anna turné. Kvelden vart difor gjennomført med utsøkte måltid frå Real Turmat (Svinekjøt i sursøtsaus) og ei god bok.
Boka “Tre i Norge ved to av dem” som tok jobben som kveldslektyré på turen, er vel eit av dei større litterære verka som er skreven. TeamRosablogg vil her presiere at vi meiner stor som bra, fortreffande, fantastisk, osb ikkje stor som i mange sider eller A2 format. Man kan trygt sei at i generen reiseskildringar med ein humoristisk tvist med restar av sanning i historiene er nok denne blant top 3.
Ellers oppdaga me at i Bodø som er eit golt, vilt og vakkert landskap så har ein noko ein “kanibal cola”. På bilete under kan ein sjå ein pakke med “kanibal cola”.
Dette servere Bodøværingane som snop til sine barn. Me vil takke Scott for å sitt bidrag som stunt fotograf.
Så vil eg gå over til det som faktisk bekymrer meg no om dagen, nemmeleg faren for politiske omveltningar i Frankrike. På starten av det 19. århundre var Napoleon (seinare den I) president i Frankrike, i denne perioden då britane hadde ein handelsblokade av europa som gjekk hardt utover alle på kontinentet. Blokaden gjorde at varer som sukker ikkje fekk komme til Europa og det er blant anna difor at Marie Antoinette sitt forslag om å ete kaker når brødskuffa var tom gjorde eit heller dårleg inntrykk på kvinnene i Frankrike. For kan du tenke deg å ete diabetiker kaker frå 1780 åra?
Men då Napoleon vart president fekk han gjort ein masse, han klarte å oppdage programmerbare datamaskiner og lage sukker av sukkerroer. Dette gjorde at ein nok ein gong kunne lage kaker igjen og brødmangelen var no mindre farleg. Marie Antoinette fekk av ymse grunnar ikkje sjå at hennar kakeforslag til slutt fekk gjennomslag.
Det fekk derimot bakarane i København, dei vart så glade for å igjen kunne bake kaker at dei lagde ein ny kake og oppkalte denne etter president Napoleon. Dette fekk Napoleon til å fryde seg slik at han gjorde seg sjølv til Keisar. Kvifor skal dette kunne skape uro i dagen Frankrike? Vel i dag er Frankrike sin nasjonal dag, der dei feirer den store heimealeinefesten på Bastillén 14. juli 1789. TeamRosablogg er difor invitert til eit gilde der me skal å ete nokon kaker som heiter Macronar.
Me håper ingen seier dette til President Macron, for sjølv om kongehus har sin sjarm så trur eg ikkje Frankrike er klar for eit nytt no. Og sida historie gjentek seg så er det klart at når ein fransk president får ein kake oppkalla etter seg, så utropar han seg snart til keisar. Det er litt som Ohms tredje lov om flaggstangskøyting.
Her kan ein sjå ein gruppe Macronar, konseptet er ganske likt Napoleonskake, sukkerfylt deig (stekt) med fatt under, krem med sukker i midten (godt piska) og meir sukkerfylt deig med fett på toppen (også denne stekt). Macronar serveres i noko mindre bitar enn Napoleonskaker og er difor hendigare i teselskap, på farten og som tilbehør til kanapéar.
Ellers er Macronar gode kaker og som hyggje og hobby bruk er Macroner noko TeamRosablogg vil anbefale.
Vive la France