Då har det skjedd mykje i TeamRosablogg leiren sida sist me skreiv. Som mange kanskje ser så har me fått eige nettside og fancy blogg, for det andre er eg eit explorerbelt beltet rikare. Dei opprinnelege innlegga vil komme inn på sidene her når me finn ei god løysing på dette.
Elles har det også vore eit lite crewbytte, som av naturlege årsakar inntreffer når ein må heim til mor sine kjøttkaker og desse kjøttkakene bur på forskjellige kantar av landet. For vesle Ti Mian så har han hatt eit noko ublidt møte med italienske søppelbøtter, og må difor trekkje seg tilbake frå blogglivet.
TeamRosablogg har hatt ei rekkje tekniske problem før me kom oss hit, men etter diskusjon med ein rekkje nettleverandører har ting skjedd, og som dåke ser ting funker.
No kan det høyres ut som TeamRosablogg er ein gjeng med datanerdar som sitt inne heile dagen og riv sund det vesle av hår dei har på dei kvitbleike kroppane sine. Men frykt intet, TeamRosablogg har lev eit aktivt liv som for det meste ikkje innberer at ein sitt i mørkre kjellarar og slit med nettproblem.
TeamRosablogg har i desse dagar starta sin turné i det nære Aust-Europa.
Første byen ut var Kristiania og tur på Norsk Tekniske Museum, her vart nok ei explorerbelt haikeoppgåve gjort då eg tok bilete med eit husdyr som stod inne i foajéen. Christina tok seg tid til ei lita gjesteopptreden i TeamRosablogg som turguide og uautorisert stuntfotograf.
Norsk Teknisk Museum er verdt ei vitjing for mange, her er det masse knappar å trykke på, mykje sært å kjøpe i butikken og eit å anna husdyr å sjå til.