Då har TeamRosablogg forflytta seg lenger inn i det nære Aust-Europa og kommen fram til byen Göteborg. I Kristiania etterlot med oss Christina som valde å prioritere arbeid framfor det å reise på turné med TeamRosablogg.

Göteborg er ein by designa for å halde nordmenn og danskar ute frå desse kantane, så med dette i bakhovudet fekk me ein mykje betre mottaking enn venta.
Folk i Göteborg slit allikavel med å tilpassa seg det faktum at med snakkar norsk som stundom liknar den lokale dialketa, dette gjer at me blir tiltala på tysk, engelsk og stundom forsøk på svensk iblanda dansk for å lette språkbarrierande. Dette har gjerne ført til at eg legg over i den lokale dialekta med desto større språklege forviklingar.

Ellers er byen særs stolt av elva som renner gjennom havneområda og dei medfølgjande hamnene som praktisk ligg langs desse vannvegane. No som industrien har blitt flytta til Austen har göteborgbuen anlagt strandpromenader og fine parkar langs elva. Som turist er du etter alt dette arbeidet nærmast pålagt å ta deg ein spasertur langs den tidlegare nemnde elva. Elva er testa der finns vatn, ho er våt og det går fint å flyte båter på henne. Dette byrjer stygt å høyres ut som Drammen.

Andre ting ein kan seie om Göteborg er at dei er noko gammaldagse på visse områder, til dømes var me ein tur på T-banen som turguiden vår forklarte ligg oppå bakken då det blir veldig vanskeleg å grave ho ned i bakken. Som dere kan sjå i bileta under gjev dette også fordelar. Ein kan nemne at det er god lufting då dei stilig kledde trikkepersonalet ikkje gidd å lukke dørene.
Så har dei også tenkt på hygienen og gjort det forbode å spytte på golvet.
Så alt i alt synast eg at både metroen i Kristiania og trikken i Bergen har mykje å lære av Göteborg når det gjeld stil, outfits og komfort.

DSC_0002[1]
Trikkesjåfør i stilig outfit, bilete demonstrerer også korleis dei sikrer god utflufting. Silje-Beate kan dere sjå til høgre.

DSC_0004[1]DSC_0001[1]

Skilta er klare og tydlege, ikkje spytt på golvet. Man visste også kor ein skulle.

I morgon setter TeamRosablogg nasen vestover og begynner å nærme seg vestgrensa til det nære Aust-Europa.