Då har TeamRosablogg tatt toget vestover og igjen ankomme Kristiania. Kristiania har tydelegvis dei siste åra fått nytt namn og heiter i dag offisielt Oslo.
Kristiania har mange morsomme detaljar i bybilete, blant anna kan ein nemne bildet under, av eit informasjonsskilt på ein trikkehaldeplass.

DSC_0008[1]

Her kan ein skjønne at trikken 13 og 19 ved avvik går forbi her. Men den stopper ikkje her. Slik kan ein seie at Kristiania kommune har gjort sin del av opplysningsarbeidet kring trikketrafikken i byen, me i TeamRosablogg synes at dette er bra.
I bakgrunnen kan ein sjå det som virker som nye forsvarsverkene kring Stortinget, her har nok ei rekkje internasjonale konsulentbyrå nok kom med ei rekkje forslag om 80meter høgemurer med piggtråd på toppen. Det er godt at me her har gått for ein meir vennleg tilnærming med eit enkelt trestakitt gjerde.

Ellers tok TeamRosablogg seg ein bytur i går kveld før dei forlot Göteborg, her gjekk jakta på blåbær brus og kakao heller dårleg. Tilslutt kom me inn i ein bar der servitøren foreslo at dei kunne blende ein brownies i varm mjølk som surrogat kakao, ellers hadde dei rabarbra brus på menyen. Passe desperate tok TeamRosablogg imot tilbodet og fekk kvar si flaske med Fritz-Spritz rabarbrabrus. Denne hippi-drikken frå gutta i Fritz-Kola falt i smak og kan faktisk i spesielle tilfeller fungere som erstatning for blåbærbrus. Blenda brownies i varmmjølk var visst ein spøk frå servitøren si side så det fekk me ikkje.

Advertisement