I desse dager byrjer fellesferien i England og som siviliserte menneske er ein plutseleg pliktig til å forlate det rolege og forlokkande livet i The City for å finne fram yachten og ta seg ein svingom.
TeamRosablogg ser at folk flest slit med å velgje gode outfits for ein slik ferie, dette har me i TeamRosablogg bestemt oss for å gjere noko med, slik at yachthamnene i sommar ikkje ligg strødd med fashionkriser.
Det som er viktig å tenkje på når ein i år skal velgje yacht antrekk er å tenkje på at dette er ferie og då skal ein ha lette og ledige klede. Det anbefales også at ein vel lyse farger slik ein skal om sommaren. For å freshe opp er det ofte brukt for å velge eit kontrastplagg, me i teamrosablogg anbefaler at ein lar dette være shortsen slik at ein unngår at denne går i ett med trøye eller sko.
Me i Teamrosablogg er også sterkt oppteke av tryggleik og vi har i fleire år no anbefalt folk å ikkje reise med båt, dette er rett og slett fordi utvalet av adekvat redningsutstyr har vore for dårleg. Og uten fullgode redningsvestar må ein ikkje ta seg ein tur ut på sjøen, for det kan vere direkte flaut og du kan få bot som er endå flauare.
Våre feltresearchere har fått tips om at Regatta har teke ansvar og designa gode redningsvestar som også vaksne menneske kan vise seg offentleg i. Det er difor med glede at me i TeamRosablogg anbefaler alle våre lesarar å finne fram sommeryachten og ta seg båtferie.
Her kan dere sjå vår felteresearcher Elisabeth som demonstrer eit eksempel på korrekt dagantrekk for yachtferien. Skoa er lette tøysko, som gjer at; klatring i master, raske strandhogg, landgangar og diverse anna blir som ein lek. Toppen er i god bomull med ein praktisk farge nå som gradestokken tidvis kjem over 15°Co og sola steiker som verst.
Bruken av batikkmønster mønster i shortsengjer at dette er eit plagg som verkeleg skriker sjå på meg, og det skal eit godt kontrastplagg gjere. Elisabeth gjer det heile til eit praktfull båtantrekk ved å gå med ein kledeleg redningsvest. For dere som gjerne vil ha ein like kledeleg redningsvest kan desse til dømes kjøpast gjennom G-sport. G-sport fører også kledelege redningsvestar for born og unge.
Om ein er som me i TeamRosablogg og liker hundar så kan vi med glede sei at ein kan få matchande redningsvest også til hundar. Dette gjer at også hundane kan få være med i båt utan at me skal skjems av dei.
Me i TeamRosablogg ønskjer alle ein god yachtferie og håper at alle no kan ha ein trygg ferie utan dei store fashionkrisene.