Då begynner det å bli ein stund sida Teamrosablogg har kunne skrive frå om all galskapen i verda, me har nemmeleg vore isolerte på ei øy i Hardanger og holdt sommarleir.

Det viser seg at Høgskolen i Bergen er ein institusjon som tek sommarferien særs seriøst. Etter ca 3  månader fråvær pga av nevnte sommarferie, så tenkte eg å stikke innom skaffe bokskap og kan drodle meg gjennom bøkene i bokhandelen der. Med livsmot og arbeidslyst møtte eg fram ved hovudinngangen klokka 8 om morgonen, det gjekk raskt opp for meg at dette skulle bli ein lang fredag. Det første som skjedde var at døra var stengd, ikkje noko problem tenkte eg og fann kjekt fram nøkkelkortet. Ein burde ha kjent lukta av uglekleddmose når også det ikkje virka, heldigvis fekk eg hjelp av ein lærar og eg var raskt inne. Tok meg ein spasertur gjennom bygget og studerte kva skap eg ville ha i år. Tok så ein tur innom resepsjonen som alltid tidlegare har vore til hjelp. I resepsjonen var alle forvirra ikkje berre var skulen stengd, men det skulle jo ikkje vore studentar inne i bygge!
Etter litt diskusjon, totalt forvirra frå mi side og noko irritert frå resepsjonen si side, fekk eg melding om å forlate skulebygget og komme igjen 15. august, den heilage skuleferien måtte ikkje forstyrrast.

 

Advertisement