Då har TeamRosablogg fått følge det som for ein kvar bergensar er det kulturelle høgdepunkte i ei månad. Nemmeleg sosialkveld med Det Akademiske Nachspiel choir.
Det Akademiske Nachspiel Choir er eit mannskor med stolte tradisjonar, godt humør, og ein tidvis magisk evne til å kun rekrutere tenorar.
Koret hev eit repotear som omfattar politisk korrekt songar, meir politisk ukorrekt drikkeviser, nasjonalromantiske viser frå den gongen ein kunne nasjonalromantikk, nokre skjemteviser av god årgang, fine songar og politisk ukorrekt viser. Når ein tek ei slik sukksess oppskrift og blandar inn med Bohemsk påkledning, godt humør, ein framifrå dirigent, legendariske korpilsar og ingen ambisjonsnivå utover hyggeleg samvær kring musikken så kan ein jo ikkje seie anna enn at betre god gjeng må ein leite etter.

Akademiske nachspiel choir.jpg

Kan du tenke deg å tilbringe hyggeleg tid saman med denne gjengen?

Identifiserer du di stemme som ei mannsstemme, syng du basstemme?

Møt opp på onsdag, me ha fast møteplass på Det Akademiske Kvarter i Speilsalen klokka 18:50, før me vandrar vidare til øvingslokalet for kvelden.
Ønskar du meir informasjon så er koret si Facebook side ein god plass å leite.