Etter at ein liten skriveleif dukka opp i vår guide til sko kjøp har fleire av våre lesarar våre særs sure på oss fordi dei vart villeda til å tru at dei kunne få ei innføring i det å handle seg ein skog. Men frykt intet TeamRosablogg har teke eit hurtig kurs ved Kolon Privatistskoler for medisinske skogbruksfag, og kan no mykje meir enn du treng å vite om faget. Derfor har me gleda av å presentere Teamrosablogg sin guide til skogkjøp.

Det viktigaste når ein skal handle skog er å ha eit mål, det er ofte fint å ha meir enn eit mål som til dømes 100, men berre du ikkje har eit dekar går det meste fint.
Det er også fint å ha eit formål med kjøpet, det kan til dømes vere å skaffe seg nokon nye og freshe turskog for vinteret.
Vi vil her presisere kvifor det er viktig med eit mål, for kor ellers skulle du hatt all skogen. Før ein veit ordet av det kan ein ende opp med gule steppeskog, det er ofte plagsomt når dette skjer. Så inntreden i eit skogbutikketablisjementet er difor ikkje anbefalt utan eit mål før besøket.

Det neste ein må bestemme er kor ein skal handle. Dette har faktisk mykje å sei for korleis opplevinga av handelen. Og her vil TeamRosablogg ta eit oppgjer med ein gammal oppfatning. Netthandel av skog er like komfortabelt som å la søster di ta eksamenane dine, ikkje blir resultatet bra og du blir lett gjennomskua. Så du må finne ein skogbutikk som faktisk sel skog og ikkje klede, badeender, sleggefett og anna skrot.

Finn din butikk, dette er butikken der dei kjenner deg og du liker servicen dei tilbyr, TeamRosablogg held seg til Plantasjen Birkeland. Dette er fordi dei sel skog i byggesett. Andre gode butikkar er Felleskjøpet, vår favoritt er den på Oasen senter.
Nasjonalt er det ein kjede med skogsalgstedar som heiter Statsskog, men desse skal skipast ut av landet og eit amerikansk selskap skal overta. Her ventar med at dei vil bytte namn til Cirkel Skau eller noko slikt.

Det å kjøpe skog er ikkje noko tur i parken og dette viktige ritualet i ein kvar sivilisert borgars liv bør gjerast til rette tidspunkt. Me i TeamRosablogg anbefaler at ein tek fri frå skule, jobb eller studier slik at ein kan gjere dette mellom 10 og 14 på kvardagar. Dette fordi det er då dei beste salgsdamene er på jobb og det er få fjortisar som heng der som i helgene og ettermiddagen. Opptimale tidspunktet er når du er aleine i butikken og gjerne an ha 2 servitriser i sving med å finne skog til deg. Dette er dessverre særs sjeldan ein får denne opplevinga, men får du høve så skal det være veldig viktig for at du ikkje tek deg tid til å studere to tre skogar til.

Når du så inntar skogbutikken  må er det viktig å begynne med litt anna skog enn det du såg for deg å komme ut med. Dette har to grunnar.

  • Ein får gjort ei mengde research fram mot neste skoghandel.
  • Ein får då prøvd ein rekkje skog i segmentet som omkrinsar slik at ein har ein masse skog å samanlikne med når ein etterkvart finn den skogen ein kanskje skal kjøpe.

Det siste har også eit viktig poeng når du etterkvart skal vurdere om du har hatt tilfredstillande shopping tid i nevnte skogbutikken. For det å brase inn i ein butikk og finne ein skog og så kjøpe den, er det man kan seie lite tilfredstillande. Du kan gjerne kjøpe den skogen du først fann, men du kan ikkje sei å ha eit god tur i butikken utan å ha prøvd minimum 5 skogar. Når du sende salgsdama for å finne skog i rett storleik på lageret er det viktig å utnytte tida godt ta deg runder, finne ny skog slik at du litt mediterande kan få vandre i fred rundt om kring i lokalet. Denne taktikken gjer også at du får prøvd eit utval av skogar som igjen fører at du får ein god og tilfredstillande tur i butikken.

Det siste er korleis du tar deg ut når du entrer butikken. Kjem du inn i ein skogbutikk i joggedress og skitten sko (for ikkje å snakke om utslitte) gjev du eit inntrykk av at du ikkje tek dette seriøst. Dette kan lett gjere at personalet misforstår kva du skal ha og gjerne fin fram joggeskog når du skal ha spaserskog, spaserskog når du treng turskog, eller ein park når du skal ha spaserskog til vinterbruk. Eigentleg bør ein i ein slik situasjon komme i det outfittet du skal bruke i skogen, slik veit både du og servitrisa kva dere skal leite etter og du har eit godt samanlikningsgrunnlag når du må ta ein ekstra runde i lokalet før du bestemmer deg.

Som med all kunst er det ikkje komplett utan ein selfie av resultatet.