Gjer dere klar for tredje luke i vår fantastiske hjulkalender.
I dag går me rett på sak, her eit rullestolhjul. Rullestolhjula er valgt fordi 3. desember er dei Sameinte Nasjonane (SN) sin dag for folk med funksjonshemningar.
Hjulet på bilete er av den tradisjonelle rullestolhjultypen. Det vil seie at det er ein ekstra ring på hjulet for å skape framdrift, og TeamRosablogg kan stadfeste at det faktisk er veldig tungt å bruke desse for å komme seg framover. Så om det trillar inn ein på stammanikyrsalongen i rullestol og skal bryte handbak, så tenk deg nøye om, desse typane trenar ofte armstyrke.
Ellers held dette hjulet godt trendane innan rullestolmarknaden med å ha punkteringssikre dekk. Det TeamRosablogg ofte har lurt på i denne samanheng er kvifor rullestolar med punkteringssikre dekk har ein huritgløysing for bytte av nevnte dekk. Ikkje punkterar dei og noko reservehjul har me aldri observert til rullestolane, når ein attpåtil ikkje har standardisert korkje feste, diameter eller utsjånad ser vi det som heller tvilsomt at denne detaljen nokon sinne vert nytta til noko.
PS: før nokre av dykk tek seg bryet med å krangle på at rullestoler stundom vert slått saman til transport, så vil eg nemne følgande. Vi veit det.
Og erfaringa på emne er at rullstolane også vert klappa saman ved at sjølve stoldelen vert klemt flat og hjula ligg inntil kvarandre, difor vil ein ikkje få særleg plassbesparing ved å ta av hjula. Då det er dei som tek mest plass når stolen er samanlagt.
PSS: TeamRosablogg veit ikkje korleis ein gjer det når ein tek flygemaskiner.
PSSS: Ønskjer alle saman ein god laurdag.
Og husk å plukk opp hundedritten dykkar, hundedritt i rullestolhjulet er noko skikkeleg dritt.