I dag landminer.

Den 4. desember 1997 blei det internasjonale forbodet mot landminar underskreven av 125 land. Derfor vert dagens hjul frå ein militærbil, og dette kjære lesarar er ikkje tilfeldig.wheel-Jeep-Willys-military.jpg

Det er nemmeleg slik at det internasjonale forbóde mot landminer ikkje omfattar kjøretøy, USA og sjøen. Så for å minnes alle dei bilane som framleis må trø varmsam lang verdas sine vegar.
Denne særlege millitariseringen av hjulkalenderen i dag passer godt saman med feiringa av Athen som skjer årleg på den 4. desember. Myta er at Gudinna Athene og sjøguden Poseidon sloss om byen Atikka. Etter ein stund fann dei ut at dei skulle ha ein tvekamp i det å vere guddom. Så Poseidon slo treforken til berget og ei salvasskjelde fekk sitt utspring. Athene satte så sin lanse til marka og der sprang det opp eit oliventre, innbyggarane i Atikka fekk så avgjere og så verkeleg nytta av å endeleg kunne lage olivenolje valde Athene. Faktisk vart dei fort så glad i henne at dei omdøpte byen til Athen i hennar ære.

TeamRosablogg likar å sjå dei lange linjene i slike historier og det faktum at Athene meir er infateriet si gudinne og ikkje kjøretøya er nok grunnen til at ho ennå ikkje har fiksa eit meir omfattande forbód.

Vi vil ogå nemne at det i dag er 165 land som har teke del i det internasjonale landmineforbódet. Marshall øyane er unike i denne samanhengen at dei har meldt seg inn, men når dei skal handheve det er sett på vent….

Advertisement