Dagens bilete er av kraftoverføringshjulet på ein Singer symaskin frå den gongen elektrisitet var nymotens påfunn.dsc_0016

Singer symaskina var ein revolusjon i si samtid og eit praktfullt kunsstykke i notid. Det er slik utsjånad TeamRosablogg ser etter når med kjøpar hushaldningsapparat, men vert ofte skuffa.

Denne Singermaskina har faktisk eit viktig lokalhistorisk bidrag til TeamRosablogg, som kjent er hovudkontoret til TeamRosablogg lagt til Fana sørom Bergen. Her har denne symaskina tenestegjort på Søreide Skule. Det er ikkje få elevar som har lært seg å sy nye outfits, lappe bukser, sy tøyender i tekstilsløyd timane.

Dette eksemplaret er fullt opperativt og seinast forrige veke vart det sydd ein rekkje nye leirbålskappar på akkurat denne maskina. Handsveiva på denne maskina er det muleg å kople ut, grunnen til det er at kraftoverføringshjulet og har eit mindre hjul bakom. Dette er tilpassa beltedrift og det kan setjast på ein motor slik at ho vert elektrisk, av praktiske omsyn er det då greit å ikkje ha handsveiv aktiv..

dsc_0017

Her kan dykk sjå eit eksemplar med motor og beltedrift, me takkar Sandsli Tekniske Symaskinmuseum for utlån av maskinane til fotoshoot.