I dag tek vi for oss outfits ved dekksparking.
TeamRosablogg har vore å studert dekksparkemiljøet i dei milliardane av heimar det er i Noreg, og me har kommen med følgande konklusjon. Dekksparking er givande, flanellskjorter vert aldri ut og det er viktig å ha rett accessories når ein dekksparkar.
Her kan dykk sjå vår redaktør under lunsjen i dagens dekksparking. Han er moteriktig kledd i flanellskjorte, arbeidsbukse frå Snickers og dei meir casual marsjstøvlane han fekk då han dimme etter førstegangstenesta. Skjorte skaper eit lettvaskeleg skydd mot eventuelt undertøy, den gjev også eit godt og varmt kleskplagg når ein ligg på kald betong og sparkar dekk.
Marsjstøvlane gjev god isolasjon i samans med nokre tjukke labbar, samstundes verner det også greit nok.
Arbeidsbuksene til Snickers gjev god demping på knea og har ein rekkje lommer å fylle med ting ein ikkje treng.
Til lunsjen er det også naudsynt med ein moteriktig matboks, vår er frå Stanley og rommer meir enn nok til lunsj. Det er også integrert termos i lokket slik at ein kan nyte medbrakt tea onsite. Det at matboksen er stor nok gjev også plass til kjeksa, for kva blir det å drikke tea utan kjeks?
Ellers anbefalar TeamRosablogg dekksparking med Land Rover, her vil blant anna lunsjen bli ein fryd då setene er uttagbare og meint til å også være camping seter.
Og kva kan vere kulare ein ein god gammal britisk kvalitets bil.
Dagens bilete er teken med sjølvutløysar til stativ er det brukt ein støttebukk, og det er faktisk eit naudsynt og viktig accessori ved seriøs dekksparking. Om du kjøpar ein no litt overilt så kan du alltids gjere som TeamRosablogg og nytte han til kamerastativ.