Då er det klart for 7. luke i TeamRosablogg sin hjulkalender. Dagens luke er i anledning den iranske student dagen. Den iranske studentdagen er til minne om drapet på tre studentar vart drepne i ein demostrasjon ved Universitet i Teheran.
Studentar er som studentar flest og dei held ofte demonstrasjonar på denne dagen, dagen i seg sjølv klarer ikkje alltid heilt å bestemme seg for 6. eller 7. men det klarer ofte ikkje studentar heller.
Dagens bilete er frå vår sydlanske feltreportar Audun.
Dagen i dag er også dagen då grekerne pleide å minnast Demeters sorg etter at dottera Kore* var gåt bort. Demeter var gudinna for innhøsting og markens grøde.
No viste det seg at Kore var sånn halv daud, fordi ho vart kidnappa av Hades fordi han gjerne ville ha ei kone. Til slutt gjekk Demeter til streik og ikkje noko grodde, så gamle Hades gjekk så med på at Kore skulle få vere hjå mor si delar av året, men hjå Hades resten av året.
Denne historia vert sett på som ein framstilling over det å bli vaksen, eller det å være foreldre til nokon som blir vaksne som då mister den ein har for så å få tilbake ein som ikkje er heilt lik. Dette er ei god oppsummering av student tilværet.
*Kjeldene gjer eit stort nummer av at Kore var jomfru.