TeamRosablogg har fått opplysningar om at det svirrar rundt ein rekkje treningstips i diverse bloggar. Desse treningstipsa blir av ein rekkje viktige folk og vår kjære statskanal omtalt som dårlege. Det viktigaste argumenta vert framheva at tipsa er feil, lite korrekte og ofte farlege. Mange har faktisk fått seg ein anoreksi diagnose etter gjentatte råd. Me i TeamRosablogg synast det er synd at mange unge, gamle, middelaldrande og dei i sin beste alder ikkje får gode trenings, livs og kosthaldsråd.
Me i TeamRosablogg har difor tenkt å introdusere eit meir balansert treningsråd for å gjere alt så mykje betre. Det første steget i vårt treningsprogram er å melde seg i ein organisasjon som driver med fornuftige aktivitetar, til dømes Norges Speider Forbund, Det Frivillige Skyttervesen, Norges Rugbyforbund, Bergen Flipperspill Klubb, Astronomer mot Ordeling, Forsvaret, osb.
Alle desse gjev eit bredt aktivitetstilbod som gjer at du kjem opp av iallefall din eigen sofa. Her vil ein flsaå eit godt sosialt samvær som er viktig for he. Vidare anbefaler me i TeamRosablogg å dra på lange fotturnéar, dette er ein aktivitet som særleg Norges Speider Forbund driver me gjennom f.eks Explorerbelt. Faktisk gjer dei det så bra at meir eller (oftast) mindre seriøse bloggaktørar kan få sine utspring frå desse turnéane.
Kva treng du for ein fotturné, vel ein treng først og fremst gode sko og ein sekk som er kjekk å bære. Vidare vil du også trenge ein kamerat, me i TeamRosablogg anbefaler at ein vel ein kamerat som er flink til å lage mat, om du ikkje kan påta deg den jobben sjølv. For utan god mat vil fotturnéen være ganske bortkasta og ein vil ikkje få bygd den goda helse du burde hatt.
Ellers er det viktig å ta masse bilete å legge ut på bloggen din slik at dei heime kan sjå at du har det bra og har ein blomstrande tur med masse opplevingar. Det viktigste er å få alle andre til å ville ta same turen og på den måten kan me få turistindustrien til å blomstre.
Under kan du sjå ein kavalkade av gode råd.
Takk til Anders, Maxi og Elisabeth for stand inn som feltfotografar. Takk til Rudolf, Elisabeth, Erling, Gunnar, HouMan og Christina for modellarbeidet.