Somme gongar sprett gode idéar opp der du minst ventar det. Dette skjedde no nettopp når Karoline stifta den absurd geniale gruppa Operation Pride Spam på facebook. Hensikta med gruppa er å gå inn på anti LGBTQ nettsider å spreie pride emojien på desse. Spreiinga skjer ved at ein nytte pride emojien på alle innlegg, som ser ut til å ha hat innbakt i ingress, overskrift, hovudtekst og ein rekkje andre delar av teksten som hatpredikantar og hatande nett-troll ikkje forstår. Dette er ein sport som gjer mykje godt og TeamRosablogg ynskjer som ein føregangsblogg å dele hemmelighetane bak slike fantastiske fritidssyslar.

Måten ein gjer dette på følgjer følgande steg.

1. Lik den offisielle facebook sida for LGBT på facebook.

2. Lik Operation Pride spam.

3. Gå inn på Operation Pride Spam og gå derretter inn på hatside linkane du finn der.

4. Du er no eit mindre fin avkrok av internettet. Nytt pride emojien på alle sider, linkar, artiklar, postar du finn. Gjerne ta deg tida til å kommentere på sidene og for all del kos deg.

5. Du er no utestengd frå ei hat side. Skryt av det på Operation Pride SPam og let vidare i forslaga til spam offer på Operation Pride Spam sine sider.

Lykke til. Og om du e lei deg eller føler for å gi deg, berre tenk korleis har dei hatande spam offra det no.

Advertisement