TeamRosablogg har nok ein gong teke tempen på valkampen og valt å rette søkelysa mot liv og levnet.

I dag har Astrid Meland skrevet i VG at det som overraskar mest ved Jonas Gahr Støre er at han hev vaktmeister på hytta. Me i TeamRosablogg har valt å sjå på dei historiske fakta i denne saken og er vel meir sjokkert at Støre berre hev Vaktmeister på hytta si, og me skal forklare kvifor. Familien Støre er representert Ulf Jonas (far) og Jonas Henry (farfar). Farfar overtok i 1927 ovnsfabrikken Jøtul, ovnsfabrikkar er i utgangspunktet er ok måte å tene pengar på, men i perioden fram til 1970-åra då denne vart selt opplevde Jøtul nokre viktige boom hendingar. For det fyrste vart siste halvdel av 1940-åra prega av mykje husbygging då byggematerialar av ymse grunnar ikkje lenger var livsviktig til krig. Det vart i tillegg også sett i gong ein stor oppussingsaksjon i Finnmark etter mindre heldige tyske innblandingar i arkitekturen der vinteren 1944-45. All denne bygginga og opppussinga kravde nye staselege ovnar, helst av norsk fabrikat, Jøtul hadde herrens gale dager. Når så familen Støre mest sannsynleg ved far Støre sel Jøtul til Norcem har ein kunne bygge opp aksjepostar i ein rekkje selskap for å sikre vidare filantropiske atspredelser for familien Støre.
I løpet av desse åra har ein og kommen til det punktet at ein ikkje lenger kan å rekne familien Støre som ein del av det bredelag av folket, dette har sjølvsagt sine privilegier, men også sine plikter. Som medlem må ein både kle og te seg rett og til dette må ein ha ansatte som hjelper ein med dette. Som leiar i Arbeiderpartiet skal sjølvsagt dei ansatte være organisert med gode tariffavtalar, ha sundagsfri og 9. kaffeen.

TeamRosablogg har rekna på på kva stillingar Jonas Gahr Støre treng i sitt hushold. Me begynner med klede og fashion. Fashiontrendane for mannlege, kvite, vestelege statsministere og aspirerande såleis er dress, for dei i det smale lag av befolkninga tyder dette: ca 7 dressar (må la dressane kvile mellom øktene). Stort utvalg skjorter, slips, tverrsoverar osb. 2-3 mørke dressar til finare anledningar. Gjerne 2-3 summar dressar når ein har vitjing i oversjøiske territørier i varme strøk, millitær misjonar eller eit å anna statsbesøk i tredje verda. Så vert det også krevd både smoking og livkjole. Det vert også på krevd middagsjakke og eventuelt røykejakke om ein har for vane å trekke seg tilbake til røykeværelse. Skal me no nevne sportsplagga som plagg for sjøsport, jakt, fiske osb vil ein ikkje trenge å vere rakettkirurg for å skjønne at ein kvar oppteke mann kan trenge litt hjelp. Å la Jonas si kone ta seg av jobben vil hindre henne å ha eit aktivt og meiningsfylt arbeid sjølve, noko som ikkje heilt passar inn for ein frue av Arbeiderpartiet sin leiar.

Ut over kammertenar for herren og fruen samt born. Ser me for oss at familien Støre treng ein gartnar, kokke, butler, husstellerske, og guvernante. Når ein så stor forsamling personar skal bu saman i eit hus og ein skal ta hensyn til sundagsfri for ikkje kristisk stab så vil ein nok trenge 2-3 ekstra som kan fylle rolla guvernante og kokke. Så vil husvære bli så stort at ein vil trenge ein vaktmeisterstab på ca 4. Og ein får då ein beskjeden stab på ca 15 personar, seksten om ein også treng ein stabssjef.

No er reknestykket over tenkt til ein husholdning, men VG sin sak svart arbeid på hytta framhever eit viktig moment. Han har ein vaktmeister på hytta, dette vil ein lett kunne forklare med at som nordmenn flest liker Jonas å leve ein enkelt livsstil på hytta. Poenget er å ha ein koseleg og intim stemning i desse settingane. Her vil ein ikkje trenge like stor garderobe, ein smoking til aftens, tweed til hagestell og antrekk til sjøsport bør halde. Slik kan kammertenarane ta frihelg, kokka og butleren klarer brasene med serveringa og oppvask og guvernanta kan ta fri då herren og fruen vil tilbringe tid med sine born. Om så den stedlege gartnaren på landsstaden tek seg av hagen vil ein under normale omstende kunne setje den stedlege vaktmeisteren til vask og stell av hus resten av veka når familien er heime. Mykje i artikkelen tyder på at Gahr Støre bør vurdere om vaktmeisteren kanskje treng ein fast assistent då han blant anna ikkje fekk ordna med brygga åleine.

Støre i casual fiskeantrekk

Her kan dykk sjå Jonas Gahr Støre (56år) i eit casual fiskeantrekk under fiske frå hans bryggje i Kilsund på Sørlandet. Bilde er frå Facebooksida til Gahr Støre.
Advertisement