Når Light my fire inviterer til lanseringsfest så er ikkje TeamRosablogg vanskeleg å be.
Light my fire inviterte i samarbeid med Fritid-sport og Hordaland Krins av Norges Speiderforbund til leiarkvald med kos og hygge som hovudtema. Me fekk alle goodie baggar og ting vart riktig koseleg. Og me fekk ein innsikt i konseptet Pack, Prepp, Cock and Eat, eller noko slikt. Etter indirekte oppfordring frå Krinsstyret tek me i TeamRosablogg ein produkttest serie av noko Light My Fire produkter. I dag goodiebagen.

TeamRosablogg har som friluftsverdene i årevis holdt seg til tallrikslådan og me vel å nytte denne som utgangspunkt for kva me den vidare funksjonstestene.
Vi kan begynne med spørsmålet er Light My Fire sitt spisesett betre enn tallrikslåda?
Nei, men det har sine gode sider og det er grunnar til kjøp.
Tallrikslåda er tradisjonell i form (avrunda rektangel) med lokk. Dette er eit godt konsept, dei har også intergrert eit handtak, slik at om du nytter varm mat kan du framleis halda den. Light My Fire har ein trekant form som ikkje gjere noko fordel i seg sjølv, den har også lokk og ein strikk ting til å ha utanpå. EIn genial ting med lokket her er at dei har stole idéar frå Mr. Tupper og hans tupperware og gjort dette tett. Fordelane, og fallgruvene, står no i kø. For det første skal du heim, så kan du stable alt inni og berre ta det med deg utan å forvente noko søl i sekken også ta oppvasken heime. Med Tallrikslådan er dette vanskeleg å få til utan søl i sekken.
Problemet kjem når du kjem heim, pakker vekk turbestikket og 4 veker seinare finner igjen pencilin kolonien som no veks i turboden. Men alt i alt, ikkje ein dum tanke for dagsturar.

Både tallrikslådan og Light My Fire har skjærefjøl som tilbehør, det kjem litt an på settet om han kjem med og hjå TeamRosablogg fekk me ikkje skjærefjøl hjå Light My Fire. Men me fekk testa han. Du kan sjå produktet her han her.
Begge kjører idéen om at alt kan pakkast i spisesettet og her kjem Light My Fire til kort, pga teit form (trekant) så blir skjærefjøla for liten til å kunne arbeide på. Faktisk blir han så smal at det å skjære opp ein liten løk er problematisk. Og for å være ærleg kan ein ikkj nytte fjøla til det er han ikkje brukande. Tallrikslådan har litt av dei same problema, men ikkje i same grad. Så går du for Light My Fire ta med ei anna skjærefjøl, iallefall ikkje betal for ho.

Begge setta fulgte med kopp, tallrikslådan nytte den gode gamle snylte koppen frå Foldacup (faktisk to stk 2,5dl og 6dl) begge har hank, står stødig og gjer det ein forventar av ein kopp. Dei tek også liten plass og passer i spisesettet.
Hjå Light My Fire er historia ein heilt anna.
Du får ein rørstuss med lokk og med trekanta silikonbelg festa i bakkant. Dette gjev ein slags kopp utan hank, som du ikkje vil drikke av. Eg vil her presisere at det absolutt er mogeleg å drikke av han, du kan ha varm drikke i han, mine har tålt oppvaskmaskin osv. Men den har også nokon feil. Silikonbelgen er tilfeldigvis det koppen skal stå på, dette gjer at han er ustabil. Både som struktur på eit bord eller bakken, men også når folk klemmer litt. Det er fleire som har opplevd å klemme koppens innhald ut i litt opphisselse og er det tea, kakao eller (gud forby) kaffe så bør du har vernehanskene på. Det virker som Light My Fire skulle ha ein brette kopp med eige design og det var merkeleg nok berre dette designet ingen andre ville bruke. Nevnte eg at hen er topptung?
Forsåvidt kjekt at han har dl mål innebygd og kan nyttast som blåsebelg, men dl nivå har også den store snyltekoppen og blåsebelg klarer eg meg ofte utan.

Bestikket, vel eg ønskjer ikkje å uttale meg i den saken, begge setta kjem med multi spork og noko meir ufyseleg spiseredskap trur eg ikkje finns. Ein mulegheit er nok Biltema sin enhåndsbestikk.

Så kva skal du kjøpe? Har du ein av dei, behold denne og kjøp deg noko anna i stadenfor , men skal du ha nytt spisebestikk kjøp Light My Fire sin. Men kjøp ein anna kopp og ta med deg ein skjærefjøl heiman ifrå. Den er betre enn både tallrikslådan sin og iallefall Light My Fire sin. Grunnen er veldig enkel, når du dreg heim unngår du at oppvasken skitner til sekken og du får vaska opp heime. Light My Fire har masse kjekt ekstra utstyr som vi kjem tilbake til seinare.

Advertisement