Ein av dei mange tinga som ein må gjere er om våren er å lade ny ammunisjon. No er det slik at det å lade ammunisjon ikkje noko ein gjer utan gode førebuingar.
Det første ein gjer er å finne ut kva kaliber ein skal lade. Ein god tommelfingerregel her er å velge eit kaliber du har våpen til. Noko anna er bare teit og ikkje heilt etter boka til Onkel Politi.
Så må ein finne gode tom hylser, tomhylsene må inspiseres. Og då bør ein ta seg tid til ein vask først. Når ein så sitter å tørker hylsene så begynner ein å lure på dei forskjellige kalibrane som finns. Og ein ting ein forstår er at dei som gav namn til dei anten ikkje var særleg røynde i matematikk, logikk eller hadde røyk noko skikkelege sokkar.
Kaliber namn er definert som diameter på kula – noko.
Tilbake til hylsene dei tørker ikkje fort og vått krutt har eg lese i Lucky Luke at er dårleg business. Då er det berre å finne fram dei gode sjakk trekka i Ludo. Passe på at dei ein bur med har forlatt huset. Sette steikomnen på 100 ºC, spre hylsene på eit brett og la dei bake i ca 15 minutter eller til Youtube videoen endeleg blir ferdig.

Når hylsene er ferdig og tørre bør ein kjøle desse ned og då kan vi komme tilbake til kalibere. Vel som vi kjenner er det i sivilisasjonen å måle ting i millimeter og tommar. Slik er det absolutt i våpen bransjen. Så alle kalibre er definert med eit tomme namn til dømes .30 (0.30 tommer) eller 7,62mm som den også heiter er 7,82mm i diameter.
Og no begynner ein verden av SNAFU å dukke opp. For arbeidshesten til politibyrå i den siviliserte verden, og Sambandsstatane, er 9mm kula. Denne kule heiter .355 og er 9,02mm i diameter. Denne er sjølvsagt mindre enn vår venn .35 kula denne er sjølvsagt 9,09mm.
Går vi så for eit litt grovare pistol endar me lett opp med ein .38 kule, denne er igjen mindre enn .35, men større enn .355 kula med sine 9,07mm.

Kor kjem Elon Musk inn her, vel nå som våpen lobbyen i USA blir stadig mektigare og dei treng nye jobbar bør han passe på for. Som General Lee sa til Abraham Lincoln etter slaget ved Gettysburg:
“In the nineties NASA couldn’t land a toy car on Mars, since they couldn’t handle the conversion between inches and milimeters. If Remington tried the same, they wouldn’t be able to land the same toy car because they can’t handle the conversion between inches and inches”.