Hei, bloggen. TeamRosablogg må innrømme noko, denne påska har me synda.

TeamRosablogg nytta palmesundag i år til å bryte heilagdagsfreden. Me brukte vinkelslipar ut…
Det viser seg nemmeleg at nett dette er brot på ei rekkje konvensjonar. Me kan begynne, palmesundag er i følgje bibelen (den gamle versjonen) dagen då Jesus Iskariot reid inn i Jerusalem og folk stod langs fortaua og daska med palmeblader. Dette er visst viktig å huske på.
Så er det faktisk ein sundag, og i følgje den andre raude boka heime så er det faktisk ikkje lov å bråke på sundagar. No høyrde eg ikkje så mykje av nett dette på ståtte bråket. Men dei som ikkje hadde hørselsvern på, meinte at eg bråkte litt meir enn me kanskje skulle.
Vel, det straffa seg visst også. Og skjorta tok fyr…
Skjorte tok fyr_1.jpg
Som dykk ser så blei det ganske store hôl i skjorte av nett denne brannen. Brannen merkte TeamRosablogg redaksjonen sin utskremte først ved litt ekstra varme på høgre side. Men det var nett kommen fram litt sol så han slipte litt til. Så lukta det svidd sau, og blei varmt på innsida av låret. TeamRosablogg redaksjonen vil her gjere våre lesare merksemde på at redaksjonen ikkje har for vane å tenne på sau, men har ei viss formeining om lukta om så skulle vere tilfelle.
Raskt overblikk viste at det no var eit nyetablert og særs realistisk flammemønster på skjorta, vinkelsliparen blei nok nølande avskrudd. Litt lett dasking av klede blei så utført. Før meir paniske dasking overtok.
På dette tidspunktet slo alle urinstinkt inn og innihelvet nå må kleda av øvelsar inntraff.

Her pausar redaksjonen fordi me må rette skarpe blikk mot dei villeidande reklamane til www.finn.no. I følgje nett desse reklamene vil ein skjortebærar ved skjorteriving oppleve at knappane flyg, og alle vil få ein bit av bæraren. Som dykk kan sjå i bilete under så holder knappane særs godt, det var faktisk knapphôla som blei sundrivne. Ein kan også sjå at knappane med brannskader faktisk holdt. Konklusjonen her er at anten lyg finn.no eller så held dei dårlege sykurs, me i redaksjonen vel å tru det siste.

Skjorte tok fyr_2.jpg

Men kvifor all denne skjorteoffringa? Og kvifor skulle ein utsetje eit slikt lekkert flanel outfit for såpass røff handtering?
Vel, me kan no melde at redaksjonen har fått påskilta propagandavogna vår “Den Røde Baron”, blant venar kalla “Baronen”. Og det er no opna for at propagandavogna atter ein gong kan dra på turné i det ganske land.

Redaksjonen vil forøvrig takke Mosto Gunnhild for: Is, lunsj, lån av brannbøtte, meir is og stunt fotografering.

 

Advertisement

One thought on “Påskebodskapen, påskilting, synd, villeidande marknadsføring og litt brann.

Comments are now closed.