Sosialkveld i det akademiske Nachspiel choir.

Då har TeamRosablogg fått følge det som for ein kvar bergensar er det kulturelle høgdepunkte i ei månad. Nemmeleg sosialkveld med Det Akademiske Nachspiel choir.
Det Akademiske Nachspiel Choir er eit mannskor med stolte tradisjonar, godt humør, og ein tidvis magisk evne til å kun rekrutere tenorar.
Koret hev eit repotear som omfattar politisk korrekt songar, meir politisk ukorrekt drikkeviser, nasjonalromantiske viser frå den gongen ein kunne nasjonalromantikk, nokre skjemteviser av god årgang, fine songar og politisk ukorrekt viser. Når ein tek ei slik sukksess oppskrift og blandar inn med Bohemsk påkledning, godt humør, ein framifrå dirigent, legendariske korpilsar og ingen ambisjonsnivå utover hyggeleg samvær kring musikken så kan ein jo ikkje seie anna enn at betre god gjeng må ein leite etter.

Akademiske nachspiel choir.jpg

Kan du tenke deg å tilbringe hyggeleg tid saman med denne gjengen?

Identifiserer du di stemme som ei mannsstemme, syng du basstemme?

Møt opp på onsdag, me ha fast møteplass på Det Akademiske Kvarter i Speilsalen klokka 18:50, før me vandrar vidare til øvingslokalet for kvelden.
Ønskar du meir informasjon så er koret si Facebook side ein god plass å leite.

 

Når morgonen smiler til deg.

Av og til så er morgonane skikkeleg herlege, i dag var ein slik morgon.
Dere veit ein slik morgon der du har god tid, teaen har akkurat den rette trekke tida. Brødristaren skyter opp akkurat perfekte rista skever og, smøret smeltar ikkje smeltar igjennom skeva. Under kan du sjå robot tea-infusaren min og den gode gamle brødristaren.

image

På ein slik herleg morgon når sola skin, fuglane kvittrar og naboungene leikar er det absolutt verd å vakne opp til. Og når du også kan leggje til den litt aggressive men ømme lyden av maskingevær salver i bakgrunnen så vil eg seie at morgonen var perfekt.

 

TeamRosablogg inntar nattskiftet.

Då har JOTA/JOTI inne i det som blir omtala som natta og TeamRosablog har fått det heller ærerike oppdraget å ta nattskiftet. Nattskifta på ein JOTA stasjon er ein god blanding av catering, jaging av ungdom, ein og anna streifrunde. Eit anna problem ein møter på er contestgnomar. Contestgnomar er ein type radioamatørar som ikkje er interesert i det sosiale ved å være radioamatør, men heller sitter bortgjemt i kjellaren og prøver å få snakka med flest muleg. Ein bør ikje mate contestgnomar om ein ikkje har doktorgrad i gnomfysiologi.
Etter mang ein time med endelaus skriking, fekk me kontakt med Jan (DP9S)  frå Bayern og den nasjonale tyske JOTAstasjonen. Jan er ein av verdas kjernekarar som ein bør fostre fleire av, hjå han fekk 4 overtrøtte speidarar snakka med nokon som faktisk var intereserte.
dsc_0037
Her kan ein sjå ein av operatørane av LA1SSG sin JOTA stasjon, han er meir kjent som LA5VRA og i visse sære miljø som Hugo.
Bak kan du sjå ein slik Eple PC og nokre radiotingestar. LA5VRA har bedt TeamRosablogg om å offentleggjere nokre informasjon om radiosnakketingestane, den store svarte boksen er visst ein ICOM IC 7300. Ute har nokon hengt opp noko rare greier som heiter Vindom antenne, som etter ryktene fint tåler dei 100W som vart pumpa ut av den svarte boksen.

Det er JOTA og TeamRosablogg følger med i tiden.

Etter ca 5 timer med JOTA/JOTI, har heile TeamRosablogg staben tatt for seg av alt som snur og rører seg på eit slikt høgkultur arrangement.
Det første vi oppdaga eigentelg ting vi visste frå før, Land Rover er dritkult, til amatørradio må ein ha Land Rover, knapper er så siste årtusen og no er det touchskjerm på amatørradioane som gjelder.

Vår produktkonsulent Ina har funnet eit naudsynt tilbehør, oppblåstbar sofa, når ein oppholder seg innandørs for JOTA.
Vår schæfsredaktør har grundig testa produktserien og den får 4 rosa marsjstøvler. Under kan ein studer vår schæfsredaktør som praktestar vårt oransje eksemplar.
Minusen med sofaen er at han ikkje egner seg til å fyllast i trange ganger og han manglar kopphaldar.

14697141_1741192692798756_100604765_o

Ellers vil vi takke Aurdalslia Skole for lån av JOTA lokale.

Explorer Belt rapporten er nesten ferdig.

Prosjektgruppa er no ferdig med evalueringen av prosjektet. Bare mindre gjennomlesing gjenstår før denne skal leverast. Prosjektgruppa skal no feire med typisk Oslomat så me tek turen til Bislett Kebab House. Etter det skal vi på kino.

DSC_0022.JPG

Over kan du sjå prosjektgruppa sin propaganda sjef  Christina som tek eit merkebad. merkebad er godt for huden og forebygger astma og allergi, meb ikkje minst merkeabstinenter vert forebygd.

Full fres på Explorer Belt evalueringshelg

TeamRosablogg følger spent med på helgas store nyhetssak. Nemmeleg Spf sin evalueringshelg av årets Explorer Belt. Helga har til no inneholdt heller lite interessant bortsett frå ein og anna lekekrig, tur på Outland, møtte alle som bur Oslo på forskningstorgdingsen dei har sentrum. Tatt nokre turar med toget og nokre med bybanen dei har her i Oslo.

Me i Teamrosablogg har også fått tid produkttester i helga, me har testa Jippi Smoothie.  Jippi Smoothie er ein sunnhetsbombe av dei sjeldne. Når du drikker ein jippi Smoothie vil du raskt merke korleis sunnheta strøymer i kroppen. At han smaker litt ufyseleg. Ikkje heilt gymsokk, men sånn ca same smak som frokost juice, som viser berre kor sunn han er.  TeamRosablogg vil difor gje jippi Smoothie vår endorsment.

DSC_0020.JPG

TeamRosablogg vil takke vår sponsor Audun for 3kartonger jippi Smoothie

Depend neglelakkfjerner, din ven i nauden.

TeamRosablogg har teke nye vegar og brukt siste veka i lærarpraksis og praktisert.
Etter noko uvøren leik med neglelakk måtte TeamRosablogg gjere ein spontan test av neglelakkfjerner. Vår make-up expert Christina har etter mykje og grundig research funne fram til Depend neglelakk fjerner, denne er testet og funnen å fjerne neglelakk. At den i tillegg er tiltenkt naturlege negler er noko TeamRosablogg støtter fullt og heilt.
Duftfri vert han framstilt, men det gjeld nok berre om ein utøver anosmi.

dsc_00161Me i TeamRosablogg vil takke Christina for sponsing av neglelakkfjerner og lån av hennar fasilitetsværelse.

Ny dag nye utfordringar.

Då har resultata etter orientering og hemmeleg oppgåven kommen. Dei Magiske Dragane leder med 28 poeng og har totalt 383poeng. Det går no onde rykter i leiren om at nokon prøver å helle avføringsmiddel i maten  vår for å slå oss i hinderløypa. TeamRosablogg staben har difor overteke katering ansvaret for Dei Magiske Dragane. Under kan du sjå Theodor og Erling i aksjon.

Me i TeamRosablogg ønskjer gutane lykke til.

Fleire kjende fjes dukker opp.

Då har me på nytt møtt folk frå Explorerbelt i Italia, denne gongen Elisabeth. Elisabeth er seg sjølv lik og litt mindre fornøyd med plasseringa, så fornøyd at ho ikkje veit den lenger.

DSC_0010.JPG

Til vår lesarar i Hordaland og Øyvokterne ligg Kristoffer og gjengen på 17 plass. Kristoffer kan du sjå til venstre.

Me i Dei Magiske Dragane ligg no på 1 plass etter teori og fekk fjerde på orientering så langt. Vaffelstekerne som og representerer Sandsli ligg på 3 eller 4. Stemninga er som kjent på topp.

Det er ekstase i deler av TeamRosablogg

Etter litt omstreiding på leirområdet har diverse outfits kommen for dagen. DSC_0008.JPG

Her kan dere sjå to døme på stilane som slår seg, Vegar går for den klassiske  barske stilen med hatt, litt skjegg fjon, refleksvest og samband. Som alle veit så er det lite som seier barsk som eit godt samband. Eirik (Maake) går for den meir austlege krigarstilen med rosa hår. I austen er dette ein barskstil, så rovaren kan nok bli sett på ein hippiehipster i stilen.DSC_0007.JPG

Då er svaret frå woodcraft oppgåve kommen. Over kan du sjå den glade gjengen i Dei Magiske Dragane som ligg som nr 1.