Då er 9. november her og det har i løpet av dagen og gårsdagen kommen store nyheter frå USA. Me i TeamRosablogg har virkeleg vore overvelda av alt som har skjedd og tenkjer å ta ein lita nyhetsoppdatering.
Dommedagsbladet melder om at Angelina Jolie får omsorgen for borna etter at Brangelina skiljer seg. Dette synes me i TeamRosablogg er trist då det også for amerikanske born er viktig å ha gode mannlege rollemodeller når ein veks til. Me i TeamRosablogg synes at Angelina burde vist større raushet og delt omsorgen noko meir.
Same Dommedagsbladet har ein sak om tidlegare President Bush, han har visst fått mykje peppar etter eit Senatsval her om dagen.
I denne saken kan du lese korleis President Bush planlegg å stemme på Senator Hillary Clinton.
Og i denne saken så har same President Bush ikkje har klart det, er gode gamle President Bush begynt å bli senil sida han ikkje klarer å krysse av på stemmesetelen?
Det er tydelegvis ikkje mykje som skjer på verdsfronten no om dagen når Dommedagsbladet ikkje har anna enn ei og anna agurksak om noko lokalval i USA.