TeamRosablogg er på Rover 5-kamp.

I desse dagar avholder Norges Speiderforbund Rover 5-kamp. TeamRosablogg føler at roverarbeid som Rover 5-kamp er noko som faller våre røtter og hjarte nært. TeamRosablogg har i år ikkje stilt i eige lag, men Gunnar stiller for Dei Magiske Dragane, Hou Man stiller i  Explorers. Josefine har hatt ei kortare gjesteopptreden.

Her er planmøte i den utvida teamet kring Dei Magiske Dragane. Til venstre er hiet Gunnar bur i under leikane.

TeamRosablogg inntar villrein distrikta.

No er den ville og vakre tida av året tilbake og TeamRosablogg tek seg ein tur til fjells og deltek i villreinjakta. I år har me blitt invitert heim av vår eminente feltfotograf Anders Nesse i Lærdal. Sjølv om stygge sjukdommar som CWD herjer vilt der oppe bestemte TeamRosablogg redasksjonen seg for å ta sats og trosse livsfarene og dra allikavel.

Fleire av våre lesarar har stilt mange og kritiske spørsmål om korleis ein skal te seg i fjellheimen, me i TeamRosablogg har berre ein ting å seie der: Ein må gjere det med stil!!

Spørsmålet blir då kva klede skal ein shoppe før ein trekk til fjells? Her skal ein frykte intet for TeamRosablogg har svara og vil dele dei med dere.
For det første når ein er i høgfjella på reinsjakt så er dette blant det barskaste av det barskaste ein kan gjere, så må ein kle seg barskt.
Barske outfits inkluderer hatt, bukse, skjorte, lærstøvlar og belte. Ein kan også legge til undertøy, hanskar, shemagh, genser og lue. IMG_1044
Over kan ein sjå eit godt døme på eit barkst outfit. Hatten er laga av Jacaru, denne gjer at ein både har skydd mot regn og sol, dette er jo heilt supre features i det kulaste av alle klesplagg.
Ellers har eg på meg ein god ullgensar med glidlås frå Speider-Sport, noko meir behageleg rasteplagg skal ein lete lenge etter.
Buksa er frå Lundhags, denne har strech bak slik at ein får framheva bakenden når du skal gjere dine sexy moves, i tillegg gjer strechpartiar på kne at ein kan gjennomføre ei rekkje rørsler i denne. Ellers bruker eg alltid stoffbelte, for skinnbelte er jo ein barbarisk utnytting av søte dyr.
Skoa er svarte fjellstøvlar, viktig å ta med skokrem til desse for ellers kan ein lett sjå ut som ein og anna bryggesjauar.
Heile outfiten held seg til barkse fargar med svart, brun, mørk brun, mørk kahki og grå. Visse oransje detaljar på ullgensaren kan sprite opp eit ellers glimrande outfit.
IMG_1059
Over kan ein sjå eit anna døme på outfit, her har eg på ei lys kakhi skjorte. Når ein tusler rundt i jaktfelt er det viktig å vise seg fram slik at folk ikkje tek feil av deg og ein elg.
Mange hjortejegarar tek gjerne å kler seg i oransje kamoflasje klede, dette er skikkeleg harry, så i den barskaste av dei barskaste jaktformane må ein ikkje framstå som ein vanleg hjortejegar og kle deg deretter. Eg foreslår bruk av lyse/kvite skjorter.
Ja, og så må ein ta med ei børse.

Her kan dere sjå vår feltfotgraf saman med ein rein han fekk tak i.
IMG_1090klippa

TeamRosablogg gjerlitterære dypdykk

Mange av våre lesarar har lurt på kva som ligg på TeamRosablogg sitt nattbord. Om ein ser borti frå ein og anna mobilladar, nattlampe osb. Så er det ofte ei og anna god bok, og i dag var det store hendingar eg fekk nemmeleg pakke frå Kolibri forlag. Og der låg heile serien om De fire og han som gjør galt verre.
Desse bøkene er kanskje ikkje det beste norsk litteratur har funne fram, men det er iallefall det beste norsk litteratur med sjølvironi, verdskunnskap, humor, braske sleivspark, over detaljerte detaljer og sinnsvake namn og titlar.
Dette er absolutt ei bok å anbefale til alle eg kjenner sånn nokon lunde.

DSC_0027

Ei av dei virkeleg gode tingene med å handle hjå Kolibri forlag er at du får pakksetel på rosa papir, når ein i tillegg for smileyer med så er virkeleg kosefaktoren høg hjå Kolibri forlag.

Teamrosablogg vert kasta ut av høgskolen.

Då begynner det å bli ein stund sida Teamrosablogg har kunne skrive frå om all galskapen i verda, me har nemmeleg vore isolerte på ei øy i Hardanger og holdt sommarleir.

Det viser seg at Høgskolen i Bergen er ein institusjon som tek sommarferien særs seriøst. Etter ca 3  månader fråvær pga av nevnte sommarferie, så tenkte eg å stikke innom skaffe bokskap og kan drodle meg gjennom bøkene i bokhandelen der. Med livsmot og arbeidslyst møtte eg fram ved hovudinngangen klokka 8 om morgonen, det gjekk raskt opp for meg at dette skulle bli ein lang fredag. Det første som skjedde var at døra var stengd, ikkje noko problem tenkte eg og fann kjekt fram nøkkelkortet. Ein burde ha kjent lukta av uglekleddmose når også det ikkje virka, heldigvis fekk eg hjelp av ein lærar og eg var raskt inne. Tok meg ein spasertur gjennom bygget og studerte kva skap eg ville ha i år. Tok så ein tur innom resepsjonen som alltid tidlegare har vore til hjelp. I resepsjonen var alle forvirra ikkje berre var skulen stengd, men det skulle jo ikkje vore studentar inne i bygge!
Etter litt diskusjon, totalt forvirra frå mi side og noko irritert frå resepsjonen si side, fekk eg melding om å forlate skulebygget og komme igjen 15. august, den heilage skuleferien måtte ikkje forstyrrast.

 

Teamrosablogg tek seg ein Sveitsturné

Sveits er eit alpeland som ligg midt i mellom-europa. Her bur folk absolutt alle stader og der ingen skulle tru at nokon kunne bu ville hatt problem med å finne ein såpass forlatt at sveitserne ville ta seg bryet med å sjå programmet.
Sveits er forresten landet der fjell, dalar, sko og sjokoladeplater gjerne er laga av sjokolade. Under kan dere sjå korleis nokon av dei stilige sjokoladetinga som ein stadig kan møte på i Sveits.

Teamrosablogg anbefaler at ein går over til sjokoladesko, då ingrediensane gjer underveker med huden på føtene. Me i Teamrosablogg ser dessverre at det er ein rekkje sjokoladesko der ute som kan smelte i kontakt med huden, så sjå opp for dårlege produkt.

Teamrosablogg tek seg også seg tid til toppturar slik at ein får nytt den gode fjellufta, ein godt døme på ein topp som er verd ei vitjing er Rothorn. Her er fjelllufta så tynn at sugerøyr er tingen for å få ho i seg. For å komme opp på Rothorn tok med tog frå Brienz, Jarnbana her held seg framleis til smalspor og damplokomotiv.
Togvognane gjev lite luksus som toalett, servering, straumuttak og tekstiltrekk på setene, men som van med trikken i Bergen så var det fullt muleg å overleve turen.
Ellers var det heller lite dramatikk under turen bortsett frå eit ublidt møte med rushtrafikken i området.

Rushtrafikken i områda kring Rothorn og Brienz er ikkje like tett som i Bergen, men like irriterande.

Då byrjer heimturen.

Då har TeamRosablogg tatt toget vestover og igjen ankomme Kristiania. Kristiania har tydelegvis dei siste åra fått nytt namn og heiter i dag offisielt Oslo.
Kristiania har mange morsomme detaljar i bybilete, blant anna kan ein nemne bildet under, av eit informasjonsskilt på ein trikkehaldeplass.

DSC_0008[1]

Her kan ein skjønne at trikken 13 og 19 ved avvik går forbi her. Men den stopper ikkje her. Slik kan ein seie at Kristiania kommune har gjort sin del av opplysningsarbeidet kring trikketrafikken i byen, me i TeamRosablogg synes at dette er bra.
I bakgrunnen kan ein sjå det som virker som nye forsvarsverkene kring Stortinget, her har nok ei rekkje internasjonale konsulentbyrå nok kom med ei rekkje forslag om 80meter høgemurer med piggtråd på toppen. Det er godt at me her har gått for ein meir vennleg tilnærming med eit enkelt trestakitt gjerde.

Ellers tok TeamRosablogg seg ein bytur i går kveld før dei forlot Göteborg, her gjekk jakta på blåbær brus og kakao heller dårleg. Tilslutt kom me inn i ein bar der servitøren foreslo at dei kunne blende ein brownies i varm mjølk som surrogat kakao, ellers hadde dei rabarbra brus på menyen. Passe desperate tok TeamRosablogg imot tilbodet og fekk kvar si flaske med Fritz-Spritz rabarbrabrus. Denne hippi-drikken frå gutta i Fritz-Kola falt i smak og kan faktisk i spesielle tilfeller fungere som erstatning for blåbærbrus. Blenda brownies i varmmjølk var visst ein spøk frå servitøren si side så det fekk me ikkje.

Det nære aust-europa er ikkje heilt likt heime.

 

Då har TeamRosablogg forflytta seg lenger inn i det nære Aust-Europa og kommen fram til byen Göteborg. I Kristiania etterlot med oss Christina som valde å prioritere arbeid framfor det å reise på turné med TeamRosablogg.

Göteborg er ein by designa for å halde nordmenn og danskar ute frå desse kantane, så med dette i bakhovudet fekk me ein mykje betre mottaking enn venta.
Folk i Göteborg slit allikavel med å tilpassa seg det faktum at med snakkar norsk som stundom liknar den lokale dialketa, dette gjer at me blir tiltala på tysk, engelsk og stundom forsøk på svensk iblanda dansk for å lette språkbarrierande. Dette har gjerne ført til at eg legg over i den lokale dialekta med desto større språklege forviklingar.

Ellers er byen særs stolt av elva som renner gjennom havneområda og dei medfølgjande hamnene som praktisk ligg langs desse vannvegane. No som industrien har blitt flytta til Austen har göteborgbuen anlagt strandpromenader og fine parkar langs elva. Som turist er du etter alt dette arbeidet nærmast pålagt å ta deg ein spasertur langs den tidlegare nemnde elva. Elva er testa der finns vatn, ho er våt og det går fint å flyte båter på henne. Dette byrjer stygt å høyres ut som Drammen.

Andre ting ein kan seie om Göteborg er at dei er noko gammaldagse på visse områder, til dømes var me ein tur på T-banen som turguiden vår forklarte ligg oppå bakken då det blir veldig vanskeleg å grave ho ned i bakken. Som dere kan sjå i bileta under gjev dette også fordelar. Ein kan nemne at det er god lufting då dei stilig kledde trikkepersonalet ikkje gidd å lukke dørene.
Så har dei også tenkt på hygienen og gjort det forbode å spytte på golvet.
Så alt i alt synast eg at både metroen i Kristiania og trikken i Bergen har mykje å lære av Göteborg når det gjeld stil, outfits og komfort.

DSC_0002[1]
Trikkesjåfør i stilig outfit, bilete demonstrerer også korleis dei sikrer god utflufting. Silje-Beate kan dere sjå til høgre.

DSC_0004[1]DSC_0001[1]

Skilta er klare og tydlege, ikkje spytt på golvet. Man visste også kor ein skulle.

I morgon setter TeamRosablogg nasen vestover og begynner å nærme seg vestgrensa til det nære Aust-Europa.

Då har TeamRosablogg fått eige nettsida.

Då har det skjedd mykje i TeamRosablogg leiren sida sist me skreiv. Som mange kanskje ser så har me fått eige nettside og fancy blogg, for det andre er eg eit explorerbelt beltet rikare. Dei opprinnelege innlegga vil komme inn på sidene her når me finn ei god løysing på dette.
Elles har det også vore eit lite crewbytte, som av naturlege årsakar inntreffer når ein må heim til mor sine kjøttkaker og desse kjøttkakene bur på forskjellige kantar av landet. For vesle Ti Mian så har han hatt eit noko ublidt møte med italienske søppelbøtter, og må difor trekkje seg tilbake frå blogglivet.

TeamRosablogg har hatt ei rekkje tekniske problem før me kom oss hit, men etter diskusjon med ein rekkje nettleverandører har ting skjedd, og som dåke ser ting funker.
No kan det høyres ut som TeamRosablogg er ein gjeng med datanerdar som sitt inne heile dagen og riv sund det vesle av hår dei har på dei kvitbleike kroppane sine. Men frykt intet, TeamRosablogg har lev eit aktivt liv som for det meste ikkje innberer at ein sitt i mørkre kjellarar og slit med nettproblem.

TeamRosablogg har i desse dagar starta sin turné i det nære Aust-Europa.
Første byen ut var Kristiania og tur på Norsk Tekniske Museum, her vart nok ei explorerbelt haikeoppgåve gjort då eg tok bilete med eit husdyr som stod inne i foajéen. Christina tok seg tid til ei lita gjesteopptreden i TeamRosablogg som turguide og uautorisert stuntfotograf.

DSC_0015[1]

Norsk Teknisk Museum er verdt ei vitjing for mange, her er det masse knappar å trykke på, mykje sært å kjøpe i butikken og eit å anna husdyr å sjå til.

post