Første luke i TeamRosablogg sin Hjulkalender.

Då har 1. desember truffe TeamRosablogg som julekvelden på kjerringa. Og me i TeamRosablogg gjer oss klar for nedtelling mot det viktigaste av årets hendingar. I år har me blitt utfordra til å lage ein julekalender og det skal vi sjå oss føre å gjere med brask og bramur. Me vil i same slengen nytte høve til å gje eit og anna folkeopplysande aspekt i årets kalender.
Read more

Advertisement

TeamRosablogg sin guide til Skog kjøp, du veit sånn med trær.

Etter at ein liten skriveleif dukka opp i vår guide til sko kjøp har fleire av våre lesarar våre særs sure på oss fordi dei vart villeda til å tru at dei kunne få ei innføring i det å handle seg ein skog. Men frykt intet TeamRosablogg har teke eit hurtig kurs ved Kolon Privatistskoler for medisinske skogbruksfag, og kan no mykje meir enn du treng å vite om faget. Derfor har me gleda av å presentere Teamrosablogg sin guide til skogkjøp.

Read more

Store nyheter frå USA

Då er 9. november her og det har i løpet av dagen og gårsdagen kommen store nyheter frå USA. Me i TeamRosablogg har virkeleg vore overvelda av alt som har skjedd og tenkjer å ta ein lita nyhetsoppdatering.

Dommedagsbladet melder om at Angelina Jolie får omsorgen for borna etter at Brangelina skiljer seg. Dette synes me i TeamRosablogg er trist då det også for amerikanske born er viktig å ha gode mannlege rollemodeller når ein veks til. Me i TeamRosablogg synes at Angelina burde vist større raushet og delt omsorgen noko meir.

Same Dommedagsbladet har ein sak om tidlegare President Bush, han har visst fått mykje peppar etter eit Senatsval her om dagen.
I denne saken kan du lese korleis President Bush planlegg å stemme på Senator Hillary Clinton.
Og i denne saken så har same President Bush ikkje har klart det, er gode gamle President Bush begynt å bli senil sida han ikkje klarer å krysse av på stemmesetelen?
Det er tydelegvis ikkje mykje som skjer på verdsfronten no om dagen når Dommedagsbladet ikkje har anna enn ei og anna agurksak om noko lokalval i USA.

Teamrosablogg følger Speidertinget

TeamRosablogg er no på Speidertinget, her går ting for seg. Outfitsa er for det meste proletariatgrå skjorte med påsydde merker i forskjellige valører.Dettte syns vår sjefsredaktør Gunnar har ei noko kjedeleg framtoning. For å sprite opp denne proletariat gråmassen har me våre på catwalken og vist gram diverse oppspritande hovudpryd.
Under kan du sjå vår sjefsredaktør, vår budsjettansvarlege Fredrik Alexander og vår høgt akta krinsleiar Hege med oppspritande hovudplagg.

14924002_10157649051470153_2133406404_o

 

Dette bilete er eit samarbeidsprosjekt med ein liten organisasjon som kalte seg Nord2017, dei har også ein blogg så folk kan også sjekke ut denne. Som dere ser er catwalken som Nord2017 arrangerte plassert i Bodø, som dere kan sjå på bilete over har Bodø ein fantastisk natur.

Ellers så driver vi å diskuterer ein og anna ting, men ikkje noko særleg mykje å sei. For våre vante lesarar er det kanskje interesant å vite at ein av våre sponsporar og samarbeidspartnarar Christina Eide er på valg til noko her på tinget. Me i TeamRosablogg vil difor fremme: Christina for President.